Her vil du finne ledige stillingar hos oss.

Sjølv om du ikkje finn ei ledig stilling her er du velkomen til å ta kontakt og sende inn din CV til oss.

Ledige stillingar

PE Bjørdal er eit industri- og kompetanseselskap med system og produkt innan fire forretningsområde; Prosessering av sjømat, Akvakultur, Bygg og Anlegg, Service og Ettermarknad. Hovedkontor og produksjon ligg mellom Sunnmørsalpane i Ørsta i tillegg til salskontor i Breivika i Ålesund.
Vi har i 2018 ei omsetning på omlag 80 mill. og ser ein godt veksande etterspørsel.
Til områda fiskeri og oppdrett opplever vi stor auke i prosjekt og ynskjer styrke vår teknisk avdeling med:

Ingeniør / konstruktør

Arbeidsoppgåvene varierer frå prosjektering av mekaniske konstruksjonar, til utvikling av nye produkt både i eigne FOU prosjekt men også som del av pågåande kontrakter.

Vi ser etter deg som er sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert men du må også kunne samarbeide godt med kunde, eigen produksjon og leverandørar.

Du bør

  • Vere utdanna ingeniør innan relevante fagområde.
  • Ha erfaring i bruk av 3D verktøy som Solid Works eller liknande
  • Ha erfaring frå prosjektering og konstruksjon av mekaniske konstruksjonar. Automasjonserfaring er ein fordel.
  • Kunne bruke ERP system

Arbeidsstad: Ørsta

Stillingstype: fast tilsetjing

For søknad med CV og eventuelle spørsmål om stillinga, kontakt:

Driftsleiar/COO Rolf Hjelle
T: 971 77 930
E: rolf.hjelle@pebjordal.no

Søknadsfrist: 31.07.2019

PE Bjørdal er eit industri og kompetanseselskap med fire forretningsområde: Fiskeri, Oppdrett, Bygg og Service – Ettermarknad og er lokalisert i Torvmyra industriområde i Ørsta i tillegg til avdelingskontor i Ålesund.
Vi har i 2018 ei omsetning på ca 80 mill og ser ein godt voksande etterspørsel. Vi søkjer no etter:

Industrimekanikarar

Arbeidet består i hovudsak av:

  • Sveising og platearbeid
  • Montering av ferdige produkt
  • Produksjon etter teikning

Vi ønskjer norskspråklege søkarar med god fagleg kompetanse. Erfaring frå vår eller liknande bransjar er en fordel.

Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i lag med andre. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og ein variert arbeidskvardag i eit godt miljø.

Alle stillingane er fast tilsetjing på heiltid. Oppstart etter avtale.

For søknad med CV og eventuelle spørsmål om stillingane, kontakt:
Driftsleiar/COO Rolf Hjelle T: 971 77 930 E: rh@pebjordal.no

Søknadsfrist: Snarast