Ny ordre – krabbeprosessering

PE Bjørdal har den 18.12. signert kontrakt med Epic Denizcilike i Tyrkia for levering av komplette fabrikklinjer til tre fartøy for fiske av snø- og kongekrabbe.

Fartøya er under bygging i Tyrkia og sluttkunde er eitt av dei største russiske reiarlaga. Utstyret skal leverast andre kvartal 2019. Utstyret tek hand om både logistikk, slakting, koking og frysing og er saman med automasjonssystem designa og levert av PE Bjørdal. I lag med allereie inngåtte avtalar, vil ordren sikre at vi går inn i jula med god ordrebok for 2019.

Vi er svært stolte over nok ei fabrikk ordre for prosessering av krabbe og stadfestar Bjørdal sin unike posisjon for levering av slike løysingar både på land og sjø etter fleire slike leveransar. Med fleire avtaler også på fiskeprosessering, viser PE Bjørdal sine evner til å levere både kompetanse, automasjon og utstyr til komplette og svært rasjonelle fabrikkløysingar.